Natascha Heintz () var ein norsk paleontolog.
Heintz blei fødd i New York, men voks opp i Bærum. Ho var dotter av professor Anatol Heintz (1898–1975) og Mary Solnørdal (1901–1991).
Natascha Heintz blei cand. mag. i 1953 med faga paleontologi, zoologi og kjemi ved Universitetet i Oslo. 1952–1954 hadde ho stipendiatengasjementer ved universitetsmusea i Oslo, Bergen og Tromsø. Ho blei cand.real. i zoologi ved Universitetet i Bergen i 1956 med ei hovedoppgåve om bruskfisk. I 1956–1960 var ho forskingsstipendiat NAVF ved Paleontologisk museum.
Ho gifta seg i 1960 med Thor Siggerud (1928-2011), som var geolog ved Norsk Polarinstitutt.
Frå 1960 til 1966 var ho tilsett ved Norsk Polarinstitutt. Frå 1967 til oppnådd aldersgrense var ho knytt til Paleontologisk museum ved Universitetet i Oslo, først som konservator, seinare som førstekonservator og i ein periode var ho òg styrer for museet. Det vitskaplege området hennar omfattar m.a. studium av fossile urfisk og primitive fisk. Ho har hatt ei rekkje verv i norsk museumsliv, og gjorde ein stor innsats for å formidla vitskap. Det var til dømes Heintz som tok initiativ til å oppretta ein eiga skuleteneste ved dei naturhistoriske musea på Tøyen (no Naturhistorisk museum).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Natascha Heintz» frå , den 3. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Faktaside om dinosaurar (UiO, artikkel av Heintz) Korleis kan vi vita kva for ein farge dinosaurane hadde? (2000)
Kategori:Folk frå New York City Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske paleontologar