«Girl Can't Help It» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey frå albumet deira Raised on Radio frå 1986. Songen kom ut som den tredje singelen frå albumet, etter «Be Good to Yourself» og «Suzanne». Som dei to førre singlane vart «Girl Can't Help It» ein Billboard topp 40-hit, og gjekk inn på lista 20. september 1986 med ein 17. plass som høgaste plassering. Han vart òg ein topp 10-hit på rockelista og nådde niandeplassen på Billboard Mainstream Rock-lista.
«Girl Can't Help It» vart skriven av Journey-klaverspelaren Jonathan Cain, vokalisten Steve Perry og gitaristen Neal Schon, som då songen kom ut var dei einaste tre medlemmane att i bandet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Girl Can't Help It (song)» frå , den 2. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Balladar frå 1980-åra Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Journey-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Jonathan Cain Kategori:Songar skrivne av Neal Schon Kategori:Songar skrivne av Steve Perry