mini|Aelius Donatus avbilda i Nürnbergkrønika
Aelius Donatus levde på 300-talet og var ein romersk grammatikar og lærar i retorikk. Det einaste faktumet som er kjent om livet hans er at han var lærar for Hieronymus.
Donatus var forfattar av ein grammatikk i to delar: Ars minor, òg kalla «den mindre donaten», og Ars major, «den større donaten». Den mindre donaten, som var ei elementærbok, vart mykje spreidd under mellomalderen og vert òg nytta inn i nyare tid.
Han har òg skrive ein delvis ufullstendig kommentar til dramatikaren Terence, kompilert frå andre kommentarar, men sannsynlegvis ikkje i den opphavlege forma si.
Donatus argumenterte for eit tidleg system av interpunksjon, beståande av punkt plasserte i tre suksessivt høgare posisjonar for å indikere suksessivt lengre pausar, som cirka motsvarer det moderne kommateiknet, kolon og punktum. Dette systemet vart nytta fram til 600-talet, då eit meir avgrensa systemet laga av Isidore av Sevilla kom i bruk.
Aelius Donatus må ikkje forvekslast med Tiberius Claudius Donatus, som òg var forfattar av ein kommentar (tolking) av Aeneiden, og som levde kring 50 år seinare.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aelius Donatus» frå , den 24. mai 2020. oppgav desse kjeldene: Engelsk Wikipedia Bra Leksikonet av bøker, 1974
Bakgrunnsstoff
The Ars Minor online (arkivert nettstad) The Ars Major online (arkivert nettstad) Latin texts of some of Aelius Donatus, med Ars Minor og alle delane avArs Major Terence-kommentaren på nettet Corpus Grammaticorum Latinorum (arkivert nettstad)
Kategori:Romerske forfattarar Kategori:Fødde på 300-talet