Alan «Al» Greenwood () er ein USA-amerikansk rockemusikar som var med å skipe og spele klaverinstrument i rockebandet Foreigner frå 1976 til 1980. Han spelte på albuma Foreigner av Foreigner (1977), Double Vision (1978) og Head Games (1979).

I 1981 skipa Greenwood bandet Spys med den tidlegare Foreigner-bassisten Ed Gagliardi, John Blanco, John Digaudio og Billy Milne og spelte inn albuma Spys (1982) og Behind Enemy Lines (1983).

Greenwood spelte klaverinstrument debutalbumet til Joe Lynn Turner som soloartist, Rescue You i 1985.

I tillegg spelte Greenwood klaverinstrument på Kool the Candy Wrapper-songen «Shake It».

Diskografi

Foreigner 1977: Foreigner av Foreigner (#4 US) 1978: Double Vision (#3 US, #32 UK) 1979: Head Games (#5 US) 1982: Records (#10 US, #58 UK)

Ian Lloyd 1980: Third Wave Civilization

Spys 1982: Spys 1983: Behind Enemy Lines

Joe Lynn Turner 1985: Rescue You (#146 US) 1998: Hurry Up and Wait 1999: Waiting For A Girl Like You (EP) 2016: Street of Dreams - Boston 1985

Jennifer Rush 1987: Heart Over Mind (#118 US, #48 UK)

Garbo Talks 1998: Garbo Talks

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al Greenwood» frå , den 16. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:Foreigner-medlemmar