mini|Sirup laga av maltose Sirup (seint norrønt sirop av arabisk sharab, 'drikk', via latin) er ei seig løysning av sukker i vatn som ein kan bruka til mat, drikke, fôr eller til å gje medisinar. Sirup er gjerne gul eller brun på farge.

Typar

Etesirup er danna frå sukkerrøyr som eit biprodukt når ein raffinerer sukker. Inneheld hovudsakleg sukrose og noko invertsukker. Glukosesirup eller stivelsessukkersirup er av stive frå potet eller mais. Inneheld glukose, maltose og dekstrin. Maissirup (corn syrup) er mykje brukt i USA. Invertsukkersirup er danna ved at ein varmar opp ei løysing av raffinert sukker med fortynna syrer. Inneheld glukose og fruktose. Lønnesirup (maple syrup) er laga av sevje frå visse lønnetre.

Som farmasøytisk preparat kan sirup innehalda løyste stoffer eller droge-uttrekk.

Kjelder

Kategori:Matvarer Kategori:Søtingsmiddel