Curved Air – Live er eit konsertalbum av det engelske progressive rockebandet Curved Air. Det vart spelt inn under ein turné i desember 1974, der bandet var komen saman att, og gjeven ut i 1975. Sjølv om albumet ikkje gjekk inn på salslistene, selde det godt nok til å betale for ein større skattesmell som hadde tvunge Curved Air til å kome saman att. Då rekninga var betalt slutta Francis Monkman og Florian Pilkington-Miksa igjen i gruppa.Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. . p. 16.

Bakgrunn Vokalen til Sonja Kristina var utypisk for ho i 1970-åra. I følgje ho sjølv var det første ekteskapet hennar nettopp teke slutt og dette skapte ein villare og råare synging på scenen.

Albumet bestod av opptak frå konsertane deira på Cardiff University og Bristol Polytechnic i desember 1974 med Manor Mobile.

Mottaking

Allmusic skreiv at «Kristina syng her truleg det beste ho nokon gong har sunge, medan instrumenteringa rir grovt over trua på at Curved Air var på sitt beste i studio», og gjev stor ros til nesten alle spora på albumet.

Innhald

Medverkande Curved Air Sonja Kristina – solovokal Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal Francis Monkman – sologitar, orgel, VCS3 synthesizer Florian Pilkington-Miksa – perkusjon Philip Kohn – bassgitar

Teknisk Miksa i Air London Studios Produsert av David Hitchcock for BTM Productions Lydteknikar og miksing av Django Johnny Punter Assisterande lydteknikar – Phil Becque, Paul Nunn, Sean Milligan, Andy Morris og Alan Perkins Design og kunst av Liz Gilmore Fotografi av Michael Allard for BTM design

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Curved Air – Live» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Curved Air-album Kategori:Konsertalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock