mini|Ei side frå samhita-delen av Atharvaveda, det eldste tekstlaget. Atharvaveda er eit heilagt skrift innan hinduismen. Det er òg ei kjelde til vedisk mytologi. Teksten består av religiøse hymne og manande formlar, og er den yngste av dei fire vedaene. Carl Olson (2007), The Many Colors of Hinduism, Rutgers University Press, , s. 13-14Laurie Patton (1994), Authority, Anxiety, and Canon: ys in Vedic Interpretation, State University of New York Press, , s. 57 Han har namn etter Atharvan, ein mytisk lærd prest som skal ha utvikla bønene og formulara,Monier Monier Williams, Sanskrit English Dictionary, Oxford University Press, Entry for Atharvan, page 17 og kan daterast til ca. 1200–1000 f.Kr.Michael Witzel (2003), "Vedas and Upaniṣads", i The Blackwell Companion to Hinduism (red. Gavin Flood), Blackwell, , s. 68

Atharvaveda inneheld tekstlaget samhita, som er det eldste, ein brahmanatekst og eit siste tekstlag som omfattar filosofiske funderingar. Dette laget omfattar tre primære upanisjadar som har hatt stor påverknade på ulike skular innan hindufilosofi: Mundaka-upanisjad, Mandukia-upanisjad og Prasjna-upanisjad.Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 2, Motilal Banarsidass, , s. 605-609Max Muller, The Upanishads, Part 2, Prasna Upanishad, Oxford University Press, s. xlii-xliii

Atharvaveda omfattar 730 hymne med rundt 6 000 mantra, og er delt inn i 20 bøker.Maurice Bloomfield, The Atharvaveda, Harvard University Press, s. 1-2 Rundt ein sjudel av verket er tekstar som Atharvaveda har felles med Rigveda. Sjølv om Atharvaveda blir rekna blant vedaene, står han likevel «utanfor» kjernen av dei tre sentrale (Rigveda, Yajurveda og Samaveda). Noko kan tyda på at han representerer ein parallell kultisk tradisjon.

Mens Rigveda, Samaveda og Yajurveda alle inneholder skjønne lovsanger til gudene, er Atharvaveda fylt av en ganske annen form for religiøsitet. Her kommer den mer folkelige religiøsitet til uttrykk i magiske dikt for å vinne en kvinnes kjærlighet og for å motvirke skallethet. Atharvaveda inneholder færre bønner enn de andre tre Veda-bøkene, men dessto flere velsignelser og forbannelser og magiske formularer.Sitat frå Signe Cohen si innleiing til Vediske skrifter, 2003.

Språket i Atharvaveda utgjer saman med Rigveda og dei mantriske tekstane i Yajurveda den eldste bevarte forma av vedisk sanskrit. Tekstane er dei eldste indiske tekstane som omtalar jern.

Norsk utgåve Nokre få tekstar er attgjevne i Vediske skrifter. Bokklubben, 2003. (Verdens Hellige Skrifter; 19) ISBN 82-525-4120-8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Atharvaveda» frå og «Atharvaveda» frå , den 6. april 2020.

Kategori:Sanskritlitteratur Kategori:Hinduskrifter Kategori:Bokserien Verdens heilage skrifter