Frederator Studios er eit amerikansk animasjonsstudio som lagar program for fjernsyn. Det er eit underselskap av Frederator Networks, Inc. og vart grunnlagt av Fred Seibert i 1997. Studioet gav ut sin første serie i 1998 og fokuserer hovudsakleg på kunstnarar som skriv eigne kortfilmar, seriar og langfilmar. Slagordet deira er «Original Cartoons since 1998» (Originale teiknefilmar sidan 1998). Studioet har avdelingar i New York City og Burbank i California.

Den 26. oktober 2016 danna Frederator Networks, Inc. ei samanslutning med det kanadiske animasjonsstudioet Rainmaker Entertainment og Ezrin Hirsh, Inc. under namnet Wow Unlimited Media.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frederator Studios» frå , den 29. mars 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske animasjonsstudio Kategori:Skipingar i 1997