Robert Alexander Nisbet () var ein amerikansk sosiolog, professor ved University of California, Berkeley, rektor for University of California, Riverside og Albert Schweitzer-professor ved Columbia University.
Liv og virke
Bakgrunn Robert Nisbet blei fødd i Los Angeles i 1913. Han voks opp med tre brør og ei søsterThomas Woods: Twilight of Conservatism, The American Conservative 2005-12-05. i Maricopa County,Susan McWilliams: Hometown Hero, The American Conservative 2010-02-01. der far hans dreiv eit tømmerlager.
Studiar ved Berkeley enda i ei doktoravhandling i sosiologi i 1939. Ved Berkeley «fann Nisbet et kraftfullt forsvar for institusjonar på mellomnivå i 1800-talet si europeiske konservative tenking. Nisbet såg i tenkarar som Edmund Burke og Alexis de Tocqueville—så godt som ukjende i den amerikanske akademiske verda—eit argument for det han kalte 'konservativ pluralisme.'»
Karriere Han fekk ansettelse der i 1939. Etter teneste i den amerikanske hæren under andre verdskrigen, då han var stasjonert på Saipan i Stillehavet, grunnla Nisbet det Sosiologiske fakultet ved Berkeley, og var ei kort tid leiar der. Nisbet forlet eit kaotisk Berkeley i 1953 for å bli dekan for University of California i Riverside, og seinare rektor. Nisbet blei ved University of California til 1972, og flytta så til University of Arizona i Tucson. Kort deretter blei han utnemnd til det prestisjefylte Albert Schweitzer-professoratet ved Columbia University.
Etter pensjonering frå Columbia i 1978 fortsette Nisbet det vitskaplege arbeidet sitt i åtte år ved American Enterprise Institute i Washington D.C. I 1988 bad president Reagan han om å halde Jefferson-foredraget innan humaniora, sponsa av National Endowment for the Humanities.
Robert Nisbett døyde ved 82 års alder i Washington, D.C.
Idéar Nisbets første viktige verk, The Quest for Community (1953) hevda at moderne sosialvitskapleg individualisme fornekta ei viktig menneskeleg hengjevnad mot fellesskap ved å etterlate menneske utan støtte frå kvarandre, for å motvirke statens sentraliserande tendens.
Ein ser på han som etterfølgar etter Emile Durkheim i forståinga av moderne sosiokulturelle system og deira tendens.Frank W. Elwell: Macrosoiology: The Study of Sociocultural Systems. P. 169. Lewiston 2009, Mellen Press. Nisbet, som ofte er blitt identifisert med høgresida, begynte karrieren som venstresinna, men seier seg seinare å ha blitt omvenda til ein slags konservativ filosofi.Robert Nisbet: The Quest For Community, 1953.
Han interesserte seg særskilt for framstegstanken i historie og innverknad.Robert Nisbet: "Idea of Progress: A Bibliographical Essay," Literature of Liberty: A Review of Contemporary Liberal Thought, Vol. II (1979), No. 1.
Nisbet engasjerte seg i mange forskjellige velgjerande organisasjonar og grunnla også nokon sjølv.
Han medverka i tidsskriftet Chronicles.
Referansar
Bibliografi
Bøker
1953. The Quest for Community: A Study in the Ethics of Order and Freedom
1966. The Sociological Tradition
1968. Tradition and Revolt: Historical and Sociological Essays
1969. Social Change and History: Aspects of the Western Theory of Development
1970. The Social Bond: An Introduction to the Study of Society
1971. The Degradation of the Academic Dogma: The University in America, 1945–1970
1976. Sociology as an Art Form
1973. The Social Philosophers: Community and Conflict in Western Thought
1974. The Sociology of Emile Durkheim
1975. The Twilight of Authority
1980. History of the Idea of Progress
1983. Prejudices: A Philosophical Dictionary
1986. The Making of Modern Society
1986. Conservatism: Dream and Reality
1988. Roosevelt and Stalin: The Failed Courtship
1988. The Present Age: Progress and Anarchy in Modern America
1992. Teachers and Scholars: A Memoir of Berkeley in Depression and War
Artiklar
"Foreign Policy and the American Mind". Commentary (September 1961, pp. 194–203).
"The New Despotism". Commentary (July 1976).
"Was There an American Revolution?," The American Conservative, August 3, 2012.
Bakgrunnsstoff
Works by Robert Nisbet Unz.org
Works by Robert Nisbet JSTOR Robert Nisbet and Our Continuing Quest for Community
Litteratur
Bøker om Nisbet
Gordon, Daniel. "The Voice of History within Sociology: Robert Nisbet on Structure, Change, and Autonomy," Historical Reflections (2012) 38#1 pp. 43-63
Stone, Brad Lowell (2000). Robert Nisbet: Communitarian Traditionalist, ISI Books.
Artiklar om Nisbet
Carey, George W., 2010, "Nisbet, War, and American Republic" , The Imaginative Conservative (blog).
Church, Mike, 2012, "Robert Nisbet and the Rise of the Machines," The Imaginative Conservative.
Elliott, Winston, III, 2010, "War, Crisis and Centralization of Power" , The Imaginative Conservative (blog).
Hill, Fred Donovan, 1978, "Robert Nisbet and the Idea of Community," The University Bookman, Volume 18, Number 3.
Mancini, Matthew J. "Too Many Tocquevilles: The Fable of Tocqueville’s American Reception", Journal of the History of Ideas, Volume 69, Number 2, April 2008, pp. 245–268.
McWilliams, Susan, Hometown Hero: Robert Nisbet’s conservatism of community against the state, The American Conservative (Feb. 1, 2010)
Nagel, Robert F., 2004, "States and Localities: A Comment on Robert Nisbet's Communitarianism," Publius, Vol. 34, No. 4.
Gary North, 2002, "Robert Nisbet: Conservative Sociologist", lewrockwell.com.
—, 2005, "Robert Nisbet on Conservatism", lewrockwell.com
Stone, Brad Lowell, 1998 (Spring), "A True Sociologist: Robert Nisbet", The Intercollegiate Review: 38–42.
Joseph Stromberg, 2000, "The Under-Appreciated Robert Nisbet", antiwar.com.
Robert McG. Thomas, "Robert Nisbet, 82, Sociologist And Conservative Champion", The New York Times, September 12, 1996.
Wolfe, Alan, 2010, "Remembering Alienation," New Republic.
Kategori: USA-amerikanske sosiologar