mini|Typisk boogie woogie-bassline i ein 12-takts-blues i C-dur, grunntonane i akkordane i raudt. mini|Bassline i ein blues.
Tolvtakts-blues eller 12-takts-blues er ei kjend form for blues som følgjer eit skjema av 12 akkordar som ein så gjentek gjennom songen.
Tolvtaktsblues er den enklaste og mest elementære bluesforma som finst, og mønsteret blir også nytta i sjangrar som rhythm and blues og rock. I musikkopplæring er denne besifringsforma ein basis for harmoniforståeing for mange musikksjangrar, frå jazz til heavy metal.
Hovudmønster
Mønsteret består av 3 hovudakkordar; tonika, subdominant og dominant. Eit tema ser då slik ut: Takt 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12Akkord T T T T S S T T D S T TDøme (C-dur) C C C C F F C C G F C C
Takt 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12Akkord T T T T S S T T D S T TDøme (A-moll) Am Am Am Am Dm Dm Am Am E7 Dm Am Am
Døme Nokre døme på låtar der ein nyttar mønsteret frå tolvtaktsblues er: Rock Around the Clock med Bill Haley & His Comets Hound Dog med Elvis Presley Johnny B. Goode med Chuck Berry Can’t Buy Me Love med The Beatles
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «12-takts-blues» frå , den 16. mai 2026.
Kategori:Blues