Ada E. Yonath () er ein israelsk krystallograf. Ho er mest kjend for pionerinnsats innan strukturen til ribosoma, eit arbeid ho vart tildelt Nobelprisen i kjemi for i 2009.
Ho er direktør for Helen and Milton A. Kimmelman Center for Biomolecular Structure and Assembly ved Weizmanninstituttet i Israel. Ho mottok Nobelprisen i kjemi i 2009 saman Venkatraman Ramakrishnan og Thomas A. Steitz for forskinga si på ribosomstrukturen og funksjonar, og vart med det den første israelske kvinna som vann Nobelprisen.
Nobelprisen hennar var den niande i Israel, og den andre i landet innan kjemi.Jerusalem Post - Nobel Prize winner "happy, shocked"
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ada Yonath» frå , den 1. januar 2020.
Bakgrunnsstoff
Weizmanninstituttet – Prof. Ada E. Yonath Group
Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Israelske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå Jerusalem Kategori:Israelske biologar Kategori:Molekylærbiologar