Kleine saamische Schriften (norsk 'samiske småskrifter')ISSN 1866-5632 var ein skriftserie som blei grunna i 2008 av Michael Rießler og Elisabeth Scheller ved Humboldt-universitetet i Berlin for å publisere tverrfaglege bidrag om språk, litteratur og kultur i Sápmi (Sameland).Årsrapport 2009 Nordeuropa-Institut. Vitja 2019-11-23 Rießler og Scheller var utgjevarar (tysk Herausgeber) til serien blei innstilt i 2014, etter at berre to titlar blei gitt ut. Han fortsette sidan under namnet Samica.

Forlagsaktiviteten hadde reint vitskaplege og ingen økonomiske mål. Bind 1 er ei lita samling av kildinsamiske folkloristiske eventyr av læraren Lazar Dmitrievitsj Jakovlev (1918–1993) frå Lovozero. Tekstene skulle støtte undervisninga i dette trua språket. Bind 2 er den andre utgitte diktsamlinga av den skoltesamiske forfattaren og diktaren Askold Bazjanov (1934–2012). I tillegg til den russiske originalversjonen, presenterer boka også for første gong ei engelsk omsetting av poesien til Bazjanov. Boka blei til takka vere Elisabeth Schellers innsats som redaktør (tysk Lektor).Sjå også bokas inmelding i Cristin. Vitja 8. mars 2020.

Oversikt over binda Kleine saamische Schriften. bind 1: Лазарь Д. Яковлев: Ла̄зэр ка̄ллса моаййнас : Кырьйха лӣ Е̄льцэ Нӣна. Ред.: Нина Е. Афанасьева, Михаэль Рисслер (Lazar D. Jakovlev: Lāzer kāllsa moajjnas : kyr'jcha lī Ēl'ce Nīna. Utg.: Nina Afanasjeva, Michael Rießler). Nordeuropa-Institut der Humboldt-Universität zu Berlin, Berlin 2008, ISBN 978-3-932406-91-1 (kildinsamisk, 38 s.) Kleine saamische Schriften. bind 2: Аскольд Бажанов: Стихи и поэмы о саамском крае. (Stikhi i poemy o saamskom kraje / Askold Bazjanov ) = Askold Bažanov: Verses & poems on the Saami land. Translated by Naomi Caffee. Nordeuropa-Institut der Humboldt-Universität zu Berlin, Berlin 2009, ISBN 978-3-932406-92-8 (russisk, engelsk, 206 s.)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kleine saamische Schriften» frå , den 20. november 2019.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Nettstaden til Kleine saamische Schriften

Kategori:Bokseriar Kategori:Samiske språk Kategori:Skipingar i 2008 Kategori:Nedleggingar i 2014