Wylie-translitterering er ein metode for å transkribere tibetansk skrift med bokstavane i det latinske skriftsystemet (a-z). Metoden har fått namn etter Turrell Wylie, som utvikla systemet i 1959. Etter det har Wylie-systemet vore standardtransliterering for tibetansk i USA. Systemet er tovegs, dvs. det er mogleg å på ein eintydig måte å gå frå tibetansk skrift til Wylietranslitterering og attende att.
Konsonantar mini|Konsonantar Etter Wylie-translittereringa blir dei tibetanske konsonantane representert på denne måten: ཀ k ཁ kh ག g ང ng ཅ c ཆ ch ཇ j ཉ ny ཏ t ཐ th ད d ན n པ p ཕ ph བ b མ m ཙ ts ཚ tsh ཛ dz ཝ w ཞ zh ཟ z འ ' ཡ y ར r ལ l ཤ sh ས s ཧ h
Den siste bokstaven i det tibetanske alfaberet, «nullkonsonanten», blir ikkje translitterert, i og med at han berre opptrer i vokalinitiale stavingar, og dermed kan rekonstruerast.
Vokalar thumb|Vokale Dei fire vokalteikna blir representert på denne måten:
ཨི i ཨུ u ཨེ e ཨོ o
Viss ei staving ikkje har vokalteikn, blir bokstaven a lagt til, for å vise den inherente vokalen a. (t.d. ཨ་ = a).
for å vise rotbokstaven. Etter denne rotbokstaven er det mogleg å slå opp ord i ordbøker
Store bokstavar I tidlegare translittereringssystem for tibetansk vart det brukt store bokstavar, for å vise kva som er rotbokstav. Med desse rotbokstavane var det mogleg å slå opp ord i ordbøker. Metoden vart likevel ikkje brukt konsekvent, og derfor innførte Wylie ein praksis med å skrive første bokstav i eit ord som stor bokstav.
Sjå også Tibetansk skrift
Bakgrunnsstoff Staatsbibliothek Berlin – A standard system of Tibetan transcription Wylie, Turrell (1959). A Standard System of Tibetan Transcription. Harvard Journal of Asiatic Studies, p. 261-267 Wylie-Tabelle, Nitartha International THDL Extended Wylie Transliteration Scheme Online-Transliterator (erzeugt Graphik aus Wylie oder ACIP -Transliteration)
Kjelde Tysk wikipedia
Kategori:Transkripsjon Kategori:Tibetansk språk