George Shaw () var ein britisk zoolog.

Shaw var den første naturforskaren som arbeidde seriøst med den australske faunaen. Han var mellom dei første forskaren som undersøkte eit nebbdyr vitskapleg, og publiserte den første skildringa av arten. Han skildra også mange nye artar av reptil og amfibiar.The Reptile Database. www.reptile-database.org.

Liv Shaw var fødd i Bierton i Buckinghamshire som den andre sonen til presten Timothy Shaw. Han blei utdanna heime til han blei student ved Magdalen Hall i Oxford, der han fekk graden M.A. i 1772. Han blei ordinert som diakon i 1774, men ønskte ikkje å fortsetja som geistleg. I staden studerte han medisin i Edinburgh i tre år. I 1786 blei han assistant lecturer i botanikk ved Universitetet i Oxford. Han var med på å skipa Linnean Society i 1788, og blei medlem av Royal Society i 1789.

I 1791 blei Shaw assistentleiar ved naturhistoriedepartmentet ved British Museum. I 1806 etterfølgde han Edward Whitaker Gray som leiar (keeper). Han fann ut at mykje av materialet som var blitt donert til museumet av Hans Sloane var i særs dårleg stand. Medisinsk og anatomisk materiale blei send til museet til Royal College of Surgeons, men mange av dei utstoppa dyra hadde fått ei så dårleg forfatning at dei måtte brennast. Shaw blei verande i stillinga livet ut, og budde i residensen tilknytt museet. Han blei etterfølgd av assistenten sin, Charles Konig.

Verk

Zoology of New Holland and the isles adjacent (1794) Museum Leverianum (1792-96) General Zoology, or Systematic Natural History (1809–1826) The Naturalist's Miscellany: Or, Coloured Figures Of Natural Objects; Drawn and Described Immediately From Nature (1789–1813)

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «George Shaw» frå og «George Shaw» frå , den 18. november 2019.

Bakgrunnsstoff

Liste av nett-tilgjengelege publikasjonar i Biodiversity Heritage Library.

Kategori:Britiske zoologar Kategori:British Museum Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Aylesbury