Bekkelagsbakkane, på folkemunne kalla Bekker'n, var eit skihoppanlegg på Lambertseter i Oslo. Anlegget låg i Lambertseteråsen, omtrent der bomstasjonen på europaveg 6 ligg i dag (2012) og utgjorde fire hoppbakkar. Bekkelagsbakkane var arena for Bekkelagsrennet (òg kalla Guttenes Holmenkollrenn), som på 1950-talet hadde opptil 1500 deltakarar og rundt 6000 tilskodarar. Bakkane var ått og drivne av Bækkelagets Sportsklubb.

Den første hoppbakken vart bygd i 1919, dei to neste vart bygde i 1929 og 1950, og seinare kom òg ein fjerde hoppbakke til. Bekkelagsrennet vart første gong arrangert 20. februar 1927. Eit flomlysanlegg vart innvigt i 1958. Under Bekkelagsrennet 6. mars 1960 ramla stillaset (ovarennet) i den mellomste bakken saman, og 13 gutar vart skadde.VG: Stillas ramlet sammen i Bekkelagsbakkene - Syv 13-åringer ligger på sykehus (s. 14, 7. mars 1960, arkivert hos Retriever Norge) Etter ulukka vart trestillasene erstatta av eit stillas bygt av stål.

Det siste rennet i Bekkelagsbakkene vart arrangert i 1972. Bakkane vart rivne i 1974 då EuropavegenHer dreier det seg om veien med navnet «Europaveien». Denne ble langt senere del av E 6. vart bygd der sletta i bakkane låg. Til erstatning for Bekkelagsbakkene vart det bygt ein hoppbakke på Brannfjell. Den bakken vart opna i 1979, men vart riven i 2007.Skisprungschanzen-Archiv: Oslo (Brannfjell)Aftenposten: Hoppstillaset skal rives (del 1, s. 26, 24. mai 2007, arkivert hos Retriever Norge)

I 2008 opna ein turveg forbi staden der Bekkelagsbakkene låg, med eit informasjonsskilt som fortel om bakkane.

Fotnotar

Kjelder

Nordstrands Blad: Gutane #seg Holmenkollrenn i Bekkelagsbakkene (12. mars 2004) Bekkelagshøgda lokalhistoriske samskipnad: Bekkelagsbakkene Aftanposten: Gutane #seg Holmenkollrenn (del 2 s. 9, 4. februar 2009, arkivert hos Retriever Noreg) Nordstrands Blad: Ny turveg til Bekker´n (30. juni 2008)

Bakgrunnsstoff

Idrettsanlegg.no: Bækkelagsbakkene

Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1919 Kategori:Idrettsanlegg i Oslo Kategori:Hoppbakkar i Noreg