The Single Factor er det niande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i mai 1982. Albumet vart i røynda gjeve ut for å fullføre kontrakten deira, etter press frå Decca Records om å skape ein hitsingel. I motsetnad til mange tidlegare Camel-album, består The Single Factor utelukkande av korte songar med ei lengd på tre til fem minutt.

Gitaristen Andrew Latimer var det einaste originale medlemmet som no var att, men den originale klaverspelaren Peter Bardens kom attende som gjest på «Sasquatch». I følgje teksten i plateomslaget, var ikkje den originale trommeslagaren Andy Ward, som hadde vore på alle dei tidlegare Camel-albuma, lenger med på grunn av ei alvorleg skade i handa. Seinare viste det seg at han trakk seg attende på grunn av psykiske problem..

Albumet kom ut på ny 8. september 2009 på Esoteric Recordings med ei bonusversjon av «You Are the One».

Innhald Alle songar skrivne av Andy Latimer, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Andy Latimer – solovokal, gitar, piano, klaverinstrument, Mellotron (B 2), orgel (B 4), bass (B 2) David Paton – bass, korvokal, solovokal (A 3) Chris Rainbow – korvokal, solovokal (B 5) Anthony Phillips – orgel (A 3, B 2), flygel (A 3, B 2, 6), Polymoog (B 2, 6), ARP 2600 (B 6), marimba (B 6), akustisk gitar (A 4), 12-strengsgitar (B1) Graham Jarvis – trommer Peter Bardens – orgel, Minimoog (B1) Haydn Bendall – Yamaha CS80 synthesizer (A 3) Duncan Mackay – Prophet synthesizer (A 4) Francis Monkman – Synclavier (B 2) Dave Mattacks – trommer (A 3) Simon Phillips – trommer (B 1) Tristan Fry – klokkespel (B 2) Jack Emblow – trekkspel (B 5)

Produksjon Tony Clarke – lydteknikar

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «The Single Factor» frå , den 10. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Camel-album