Karen Anne Buljo () er ein norsk samisk forfattar, busett i Alta.
Buljo skriv på nordsamisk, og forfattarskapen omfattar mest bøker retta mot barn og ungdom. Ei nyskapande barnebok er boka Stephen Borrough, der ho skildrar ei fiktiv hending kring ei historisk reise eit engelsk skip gjorde til Kolahalvøya i 1557, noko som resulterte i den eldste skrivne kjelda ein har for noko samisk språk.Abercombie, John: The earliest list of Russian Lapp words SUSA 13. I 2018 skreiv ho også ei diktsamling, Šiellaspeajal.
Buljo er ein sentral medlem i Samisk forfattarforeining, der ho i 2019 er nestleiar.
Bibliografi
Dille – din tur, samisk versjon, Vox (2001) Ábifruvvá, joik, Iđut (2006) Pelle Njoammil, dramatikk, Davvi Girji (2007) Stephen Borrough, barnebok, Davvi Girji (2008) Kristoffer ja Lálla, ungdomsbok, Iđut (2010) Áfruvvá – Havfruen, barnebok, Iđut (2011) Nieidagorži – Pikefossen, barnebok, Iđut (2011) På vei til de åtte årstider land – solas og vindens folk/Beaivváža ja biekka olbmot (med Hege Jensen), språkkurs i nordsamisk, med CD (2014) Šiellaspeajal, dikt, Davvi girji (2018) Amulettspeilet (2019) (eiga omsetjing av Šiellaspeajal) Guovssu guovssahasat, barnebok, Davvi Girji (2019)
Kjelder
Presentasjon av Karen Anne Buljo i Forfatterkatalogen på Forfattersentrums nettsider
Denne artikkelen bygger på «Karen Anne Buljo» frå , den 4. november 2019.
Kategori:Folk frå Alta Kategori:Samiske dramatikarar Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar