Aleksej Viktorovitj Sjtjusev () var ein russisk arkitekt. Han teikna mellom anna Leninmausoleet (1924).

Liv og virke miniatyr|venstre|Leninmausoleet med Kreml i bakgrunnen. miniatyr|Kazanskijstasjonen.

Sjtjusev var fødd i Chișinău. Han studerte under Leon Benois og Ilja Repin ved Sankt Petersburgs kunstakademi 1891-1897. Sjtjusev utvikla stor interesse for historisk russisk kunst, og vann ry for restaureringa si av Vasilijkyrkja frå 1100-talet i Ovrutj i Ukraina. Han arbeidde sidan med moskovittisk 1400-talsarkitektur, blant anna Treeiningsdomkytkja i Potjajevskaja Lavra i Ukraina. Han fekk i oppdrag av tsarfamilien å utforma ei domkyrkje for Marfo-Mariinskijklosteret i Moskva, noko som resulterte i ein bygning i mellomaldersk Novgorod-stil.

I 1913 byrja Sjtjusev sitt største prosjekt. Han deltog og vann arkitekttevlinga for å utforma jernbanestasjonen Kazanskij. Denne jugendbygningen blandar element frå Kremltårna med tradisjonell tatararkitektur.

Etter ei kort tid der han eksperimenterte med nyklassisisme gjekk Sjtjusev over til konstruktivismen på 1920-talet. Då Lenin døydde i 1924 blei han beden om å utforma eit mausoleum for han. Sjtjusev teikna Leninmausoleet i ein stil som samanførte konstruktivistiske element med innslag frå historiske mausoleum, som Djoser-pyramiden og gravmonumentet i Pasargad.

Etter mausoleumskommissjonen fekk Sjtjusev gode kår av dei kommunistiska styresmaktene. Han blei utnemnd til leiar for Tretjakovgalleriet i 1926, og til leiar for gruppa som utforma store bruer og leilegheitskompleks i Moskva. Blant dei viktigaste bygningane han formgav på 1930- og 1940-talet er Hotell Moskva ved Manegetorget og NKVD sitt hovudkontor ved Lubjankatorget.

Sjtjusev blei tildelt Stalinprisen i 1941, 1946, 1948 og posthumt i 1952.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aleksej Sjtjusev» frå , den 30. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske arkitektar Kategori:Folk frå Chișinău