mini|Våle prestegard Våle prestegard er ein tidlegare prestegard i Tønsberg i Vestfold. Han vart skild ut som eigen gard på 1300-talet. Hovud- og sidebygningen, stabburet og brønnhuset er freda. Driftsbygningen er verneverdig. Det meste av hovudbygningen er truleg frå 1737. Her overnatta kong Fredrik V då han var på gjennomreise i 1749. Årringar frå tømmeret i sidefløya viser at fløya er frå 1641. Dette er den eldste høgstova som er funnen i Noreg. Stabburet er oppført på 1700-talet og brønnhuset på 1900-talet.
Garden inneheld mange gamle reiskapar (som òg er i bruk) og har i dag preg av bygdemuseum. Vedlikehaldarar og ansvarlege er Stiftelsen Våle Prestegård, som tok over eigedomen på 1990-talet. Garden ligg langs Gjeldstadveien, 700 meter nordvest for Våle kyrkje.
Våle prestegård var tusenårsstaden for tidlegare Re kommune. Prestegarden vart freda i 1991.
Rundt tunet ligg mange gravhaugar.
Bakgrunnsstoff Vestfold fylkeskommune: Våle prestegård Vestfold fylkeskommune: Våle prestegård og kirke, Kaupang, Huseby og Guåker Våle historielag: Våle prestegård
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Tønsberg Kategori:Gardar i Tønsberg Kategori:Tusenårsstader Kategori:Freda bygg i Vestfold