Matthias Alexander Castrén () var ein finsk etnolog og filolog som var ein pioner innanfor studiet av uralske språk. For fleire språk, særleg samojediske og jeniseiske språk, er Castrén sitt materiale framleis det sentrale kjeldematerialet for desse språka. Castrén var også ein pionér innafor utforskinga av finsk. Castrén er kjent som grunnleggjaren av feltlingvistikken, og for den første lingvisten som undersøkte mange uralske språk. Han har også gjeve ut etnografiske tekstar. Castrén gjorde også, som den første eigentlege språkforskaren, feltarbeid blant samane.
Castrén blei utnemnd som den første professoren i finsk ved Helsingfors universitet i 1851, men døydde året etter som følgje av tuberkulose.
I 1841 gav han ut den første svenske omsetjinga av det finske nasjonaleposet Kalevala.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mattias Castrén» frå , den 11. september 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finske filologar Kategori:Finske språkforskarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking