Tetjana Teresjtsjuk-Antipova () er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Luhansk som i vel eitt tiår på 1990-2000-talet var mellom dei beste kvinnelege langhekk-løparane i verda. Ho vann EM-sølv i 400 meter hekk i 1998 og sidan bronsemedaljen i øvinga både under OL 2004 og EM 2006.
Aktiv Teresjtsjuk tok seg til finalen i 400 meter hekk ved europameisterskapen 1994. På olympiastadion i Helsinki sprang ho inn til ein sjetteplass, året etter vart ho nummer fem ved verdsmeisterskapen i Göteborg. I den neste verdsmeisterskapen, i Aten i 1997, kleiv ho ytterlegare ein plass opp på resultatlista etter å ha gjort personbeste på 53,81 sekundar.
Under EM 1998 i Budapest lukkast ho som Teresjtsuk-Antipova vinne sølvmedaljen, 0,7 sekund bakom den suverene vinnaren frå Romania, Ionela Târlea. Sidan vart ho nummer sju i VM 1999, og nummer fem i både OL 2000 og VM 2003. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten var Teresjtsjuk-Antipova i sitt livs form. Ho sette i semifinalen personleg rekord med 53,37 sekundar, i finalen klarte ho 53,44 og fekk bronsemedaljen, seks hundredels sekund attom Târlea, gullet tok greske Fani Khalkia. Teresjtsjuk-Antipova avslutta medaljesankinga med bronse også i EM 2006 i Göteborg.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Nr 6 – 55,53 VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 54,94 OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane (55,34=nr 14) VM 1997 i Aten: Nr 4 – 53,81 EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 54,07, bakom Ionela Târlea (53,37) VM 1999 i Sevilla: Nr 7 – 54,33 OL 2000 i Sydney: Nr 5 – 53,98 VM 2003 i Paris: Nr 5 – 54,61 OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 53,44 VM 2005 i Helsinki: Nr 7 – 55,09 EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje – 54,55 VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (54,38=nr 9)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tetjana Tereschtschuk-Antipowa» frå , den 14. august 2019.
Denne artikkelen bygger på «Tetyana Tereshchuk-Antipova» frå , den 14. august 2019.
World Athletics
Kategori:Ukrainske hekkeløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ukraina Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004