James Michael Heron () er ein skotsk songar, låtskrivar og multiinstrumentalist, mest kjend for arbeidet sitt med Incredible String Band i 1960- og 1970-åra.

Etter å ha spelt fleire forskjellige instrument i britiske beat-grupper, var Heron med å skipe det psykdeliske folkebandet Incredible String Band med Robin Williamson og Clive Palmer. Det første soloalbumet til Heron, Smiling Men with Bad Reputations, kom ut i 1971 på Island Records, med gjesteartistar som The Who og John Cale. Etter at The Incredible String Band vart oppløyst i 1974, skipa Heron Mike Heron's Reputation. Dette bandet var meir rockeprega, men gav berre ut eitt sjølvtittulert album på Neighbourhood Records. Heron gav ut mange fleire soloalbum på forskjellige album, men ingen av dei fekk den same suksessen han hadde hatt i lag med Williamson i ISB.

I 1997 kom dei to tidlegare kollegaene saman for eit utval av konsertar og ein av desse vart teken opp og kom ut på Bloomsbury 1997. Palmer kom med to år seinare for ei rekkje Incredible String Band-konsertar i Storbritannia i Europa.

Solodiskografi Smiling Men with Bad Reputations (1971) Mike Heron's Reputation (1975) Diamond Of Dreams (som Heron) (1977) Mike Heron (1979) The Glen Row Tapes (1988) Where the Mystics Swim (1996) Conflict Of Emotions (1998) Futurefield (2002) Echo Coming Back (2005)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mike Heron» frå , den 3. august 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Skotske popmusikarar Kategori:Elevar ved University of Edinburgh Kategori:Musikarar frå Edinburgh Kategori:Skotske songarar Kategori:Skotske låtskrivarar Kategori:The Incredible String Band-medlemmar