Christopher Percy Gordon Blackwell () er ein engelsk forretningsmann og tidlegare plateprodusent. Han skipa Island Records, som er blitt kalla «eit av dei viktigaste, sjølvstendige plateselskapa i Storbritannia». I følgje Rock and Roll Hall of Fame, som Blackwell vart innlemma i i 2001, er det «ingen andre enn han som har gjort så mykje for å få verda hekta på reggae.»

Han skipa Island Records på Jamaica den 22. mai 1959, like før han fylte 22, og Blackwell var blant dei første som spelte inn den jamaicansk popmusikken som kom til å bli kjend som ska. Då han kom attende til Storbritannia i 1962, selde han plater frå bilen sin til det jamaicanske samfunnet.

Med støtte frå Stanley Borden frå RKO, voks forretningane til Blackwell stadig, og han var med å forme karrierane til Bob Marley, Grace Jones og U2 blan mange andre. Han produsert mange kjende album, som Marley sine Catch A Fire og Uprising, og debtualbumet til The B-52's i 1979.

Filmar Dr. No (1962) - handlangar som hoppar frå ein kai og ut i vatnet (ikkje oppført)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chris Blackwell» frå , den 21. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske forretningsfolk Kategori:Engelsk-jamaicanarar Kategori:Britiske musikksjefar Kategori:Engelske jødar Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Order of Jamaica Kategori:Mottakarar av Musgravemedaljen Kategori:Island Records