Live at Pompeii er eit konsertalbum og film av David Gilmour, den tidlegare gitaristen i Pink Floyd. Det vart spelt inn i amfiteateret i Pompeii og var den første offentlege konseren her sidan år 79 evt. Pink Floyd spelte her i 1972, men då var det utan publikum. Han dokumenterer verdturneen 2015-16 for å marknadsføre albumet Rattle That Lock (2015). Albumet kom ut 29. september 2017 og finst på CD, LP, digital nedlasting, DVD, BD og ein luksusboks med både CD og BD, i tillegg til bonusspor.

Marknadsføring Ein digital singel med «Rattle That Lock (Live at Pompeii 2016)» kom ut for å marknadsføre albumet 28. juli 2017. «One of These Days (Live at Pompeii 2016)» km òg ut på singel 8. september 2017 og «Run Like Hell (Live at Pompeii 2016)» kom ut 29. september 2017.

På den offisielle YouTube-kanalen til Gilmour kom det ut fleire videoar i tida før utgjevinga.

Kino Den 13. september 2017 vart Live at Pompeii vist på kinoar over heile verda før utgjevinga 29. september. Kinoversjonen hadde ikkje med «Faces of Stone», «The Blue», «Money», «Fat Old Sun», «Coming Back to Life», «On an Island» og «Today», som alle er med på DVD-utgåva.

Fjernsyn Den 22. desember 2017 vart ein 60 minuttars TV-versjon av Live at Pompeii vist på Arte.

Innhald CD

Medverkande Pompeii og Wrocław David Gilmour – elektrisk gitar, akustisk gitar, klassisk gitar, steelgitar, solo- og korvokal, cymbal på «One of These Days», plystring på «In Any Tongue» Chester Kamen – elektrisk gitar, akustisk gitar, klassisk gitar, 12-strengs akustisk gitar, lys akustisk gitar på «Comfortably Numb», korvokal, munnspel på «The Blue» Guy Pratt – bassgitar, kontrabass, korvokal, solovokal på «Run Like Hell» Greg Phillinganes – piano, klaverinstrument, korvokal, felles solovokal på «Time» Chuck Leavell – orgel, klaverinstrument, trekkspel, korvokal, felles solovokal på «Comfortably Numb» Steve DiStanislao – trommer, perkusjon, korvokal, aeoliphone på «One of These Days» João Mello – saksofon,, klarinett, ekstra klaverinstrument på «The Blue», lys akustisk gitar på «In Any Tongue» Bryan Chambers – korvokal, solovokal på «In Any Tongue» og «The Great Gig in the Sky», tamburin Lucita Jules – korvokal, solovokal på «The Great Gig in the Sky» Louise Clare Marshall (berre Pompeii) – korvokal, kubjølle, solovokal på «The Great Gig in the Sky»

med: Leszek Możdżer – piano på «The Girl in the Yellow Dress» (Wrocław, 25. juni 2016) Wrocław Philharmonic Orchestra dirigert av Zbigniew Preisner (Wrocław, 25. juni 2016)

Sør-Amerika David Gilmour – elektrisk gitar, solo- og korvokal Phil Manzanera – elektrisk gitar, akustisk gitar, korvokal, lys akustisk gitar på «Comfortably Numb» Guy Pratt – bassgitar, korvokal Jon Carin – piano, klaverinstrument, elektrisk gitar, korvokal, co-solovokal på «Time» and «Comfortably Numb» Kevin McAlea – klaverinstrument Steve DiStanislao – trommer, perkusjon, korvokal João Mello – saksofon Bryan Chambers – korvokal Lucita Jules – korvokal

Salslister

Vekeslister Liste (2017) Plassering Australske album (ARIA) 50 New Zealand Albums (RMNZ) 31

Årslister Liste (2017) Plassering Tyske album (Offizielle Top 100) 28 Italienske album (FIMI) 59 Liste (2018) Plassering Tyske album (Offizielle Top 100) 83

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Live at Pompeii» frå , den 20. juli 2019.

Kategori:David Gilmour-album Kategori:Album produserte av David Gilmour Kategori:Konsertalbum frå 2017