Durrës er ein by og ein kommune i regionen med same namn i Albania. Durrës er hovudstad i regionen. Kommunen ligg ved kysten i den nordlege delen av landet og grensar i sør til regionen Tirana, i nord til regionen Lezhë. I vest ligg Adriahavet.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Durrës vart slått saman med bykommunane Sukth og Manëz og landkommunane Ishëm, Katund i Ri og Rrashbull. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Durrës.
Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Durrës hovudstad i distriktet Durrës. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Durrës.
Folketal
Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Durrës 113 249 101 728 Ishëm 5 001 3 683 Katund i Ri 10 161 7 524 Manëz 6 652 7 185 Rrashbull 24 081 20 099 Sukth 15 966 13 395 Kommunen Durrës 175 110 153 614
Referansar
Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Durrës Kategori:Busetnader i regionen Durrës Kategori:Kommunaleiningar i regionen Durrës