Hyrule Warriors er eit actionspel utvikla av Omega Force og Team Ninja og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Wii U i Japan i august 2014, og internasjonalt månaden etter. Spelet er utvikla i samarbeid mellom Koei Tecmo og Nintendo og er ein del av både Nintendo-serien The Legend of Zelda og Koei Tecmo-serien Dynasty Warriors. Det har selt over ein million kopier på Wii U.
Ei utvida utgåve av spelet til Nintendo 3DS med tittelen Hyrule Warriors Legends vart utgjeven i Japan i januar 2016 og internasjonalt i mars 2016. Ei utgåve av spelet til Nintendo Switch, Hyrule Warriors: Definitive Edition, vart utgjeven i Japan i mars 2018 og internasjonalt i mai 2018.
Kjelder
Kategori:Actionspel Kategori:Dataspel frå 2014 Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Wii U-spel