Atomubåtar som har gått ned er eit oversyn over atomubåtar som har gått ned sidan 1963. Minst ni atomubåtar har gått ned. Fem av dei tilhøyrde Sovjetunionen. To tilhøyrde USA og to tilhøyrde Russland.
1900-talet 1963 USS «Thresher» frå USA sokk 10. april 1963. 129 døydde. Vrakstaden ligg 350 km aust for Cape Cod.
1968
USS «Scorpion» sokk 22. mai 1968. 99 døydde. Vrakstaden er 740 km sørvest for Asorane. Ubåten var del av Skipjack-ubåtklassen.
1970 K-8 var den fyrste atomubåten frå Sovjetunionen som gjekk ned. Farkosten sokk med atomvåpen 11. april 1970 52 døydde då fartøyet sokk. Vrakstaden er Biscayabukta i Nord-Atlanteren.
Dei to atomreaktorane og atomvåpena har ikkje vorte fjerna.Inventory of accidents and losses at sea involving radioactive material, International Atomic Energy Agency 2001, pdf-fil på nett. Side 8
1982 K-27 frå Sovjetunionen vart senka av sovjetiske styrkar 6. september 1982. Vrakstaden er i Karahavet på 30 meters djup.Yaroslava Kiryukhina: Eyewitness: Tragedy of Soviet nuclear submarine K-27 (24. januar 2013) BBC.
1983 og 1985 K-429 frå Sovjetunionen gjekk ned den 23. juni 1983. Fartøyet vart heva att. Fartøyet sokk igjen 13. september 1985, denne gongen medan det var fortøydd. Det vart hogd opp på 1990-talet.This Russian Nuclear Submarine Made Some Scary History (It Sank Not Once, but Twice). The National Interest. 20. november 2016.
1985 Systerskipet til Changzheng 6 frå Kina skal ha gått ned i 1985.Steve Crawford: Twenty First Century Submarines: Undersea Vessels of Todays Navies. 2003, ISBN 0-7603-1502-7 , s. 10Type 092 Xia submarine, China, janes.com Xia class , military-today.comNuclear submarine guide, China: Type 092 , fas.org Fartøyet skal ha tilhøyrd ubåtklassen Xia også kalla «type 092».
1986 K-219 frå Sovjetunionen sokk 3. oktober 1986 i Nord-Atlanteren, 950 km aust for Bermuda, med atomvåpen ombord. 5 personar døydde.Newly Exposed Documents Reveal a Hidden Chapter on the Sunken Russian Submarine K-219. The National Interest. 29. oktober 2016
1989 K-278 «Komsomolets» frå Sovjetunionen sokk ved Bjørnøya 7. april 1989 med to atomvåpen med stridshovud med uran og plutonium.Charles Digges. Norway and Russia to visit sunken Komsomolets sub three decades after it sank. Bellona. Vitja 2019-07-10 42 døydde. Vrakstaden er sørvest for Bjørnøya. Dette var den andre atomubåten som gjekk ned i Arktis.
Fartøyet hadde berre ein atomreaktor.Charles Digges. Norway and Russia to visit sunken Komsomolets sub three decades after it sank. Bellona. Vitja 2019-07-10. «But plutonium isn’t the only concern. The submarine’s reactor, loaded with nuclear fuel, is a source of other radioactive isotopes like cesium 137 and strontium 90.» Kjernebrenselet har ikkje blitt fjerna frå vraket. I 2019 vart det målt radioaktiv lekkasje frå vraket frå 0,001 Bq per liter til 800 Bq per liter.Forskerne avdekket radioaktiv lekkasje fra «Komsomolets» . Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet. Vitja 2019-07-10
2000-talet
2000: «Kursk» K-141 «Kursk» frå Russland sokk 12. august 2000, og 118 ombord døydde.Hevder «Kursk» ble torpedertKursk - russisk ubåt. Store norske leksikon. Vitja 2019-07-08 Sju av dei 24 torpedoane vart gjort reie for. I 2001 vart vraket, unnteke storparten av baugen, heva frå Barentshavet. Tømminga av reaktorane vart ferdig vinteren 2003.
Reaktor-seksjonen er lagra i ein flytande kontainer ved Nerpa-verftet i Snjezjnogorsk utanfor Murmansk.Kursk-avsløring: Stiller spørsmål om hvem E-tjenesten er lojale til. 2019-07-11. NRK. Vitja 2019-07-12. «[...] ved Nerpa-verftet i Snjezjnogorsk utenfor Murmansk. I en flytende konteiner ved en pir oppbevares reaktorseksjonen. Først om 70 år er nok radioaktivitet gått ut av reaktoren til at den kan behandles som radioaktivt avfall.»
2003 K-159 frå Russland sokk i 2003, og 9 personar døydde.Vraket av russisk atomubåt holder tett Fartøyet hadde allereie gått ut av teneste i 1989. Fartøyet ligg på 238 m djup i Barentshavet nord for Kolabukta,"Komsomolets" leaks radioactivity. The Barents Observer. Vitja 2019-07-10 mindre enn 130 km frå grensa til Noreg.
I atomreaktorane finst det om lag 800 kg brukt kjernebrensel, sannsynlegvis ei legering av uran og aluminium.K-159(.) Havariet av den russiske atombåten K-159 og den norske atomberedskapsorganisasjonens håndtering av ulykken . Statens strålevern. S. 9. Vitja 2019-07-11. « I reaktorene til K159 befinner det seg omlag 800 kg brukt kjernebrensel, mest sannsynlig en aluminiumuran-legering. K-159s søsterskip ligger fremdels ved kai i Gremikha, slik at man har mulighet til å bruke denne ubåten til å kartlegge forhold i K-159.»
Vraket er den største einskilde potensielle kjelda til radioaktiv forureining av havmiljøet i Arktis, i følgje Statens strålevern.«StrålevernRapport 2017:12». Statens strålevern. S. 77. Vitja 2019-07-10. «With regards to potential impacts on Norway (both economically and environmental), the sunken Russian nuclear submarine K-159 is of great concern. The submarine currently lies at a depth of 246 meters in the Barents Sea, less than 130 km from the border with Norway. In addition to its proximity to Norway, the K-159 submarine lies close to fishing areas of the Barents Sea. It also represents the single largest potential source of radioactive contamination to the Arctic marine environment (NRPA, 2014).»
Vrak og vrakfjerning i Arktis Fire atomubåtar har gått ned i Arktis - ein av dei vart senka. Tre av dei ligg framleis på havbotnen; ein av dei vart fjerna, bortsett frå storparten av baugen som ligg igjen på havbotnen.
Referansar
Kategori:Ubåtar