Oppreising eller oppreisning er ein måte å gjenoppretta vørdnad eller ære på, eller godtgjersle etter ei krenking eller ein skade som ikkje er av økonomisk art.
I norsk erstatningsrett viser oppreising til erstatning for ikkje-økonomisk skade, og er regulert i skadeserstatningsloven,§ 3-5 som fastset nærare vilkår. Det er eit vilkår at det anten er snakk om skade på person, eller overtreding av visse straffebod. Det er vidare eit vilkår for å få tilkjent oppreising at gjerningsmannen har handla med forsett eller vore grovt aktlaus. Hensikta med oppreising er å gi den som er forulempa ei gjenoppretting for skader som ikkje kan verdsetjast i pengar, til dømes psykiske belastningar og ærekrenking. Straffeprosessloven§ 447 inneheld særskilde reglar om oppreising for personar som er pågripne eller fengsla for lovbrot det seinare viste seg at vedkomande var uskyldig i (sjå justismord). Det finst også reglar om oppreising i enkelte andre særlover, dømes åndsverkloven.§ 55 første ledd andre punktum.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oppreisning» frå , den 5. juli 2019.
Kategori:Erstatningsrett