The Legend of Zelda: A Link Between Worlds er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS. Det er det syttande spelet i The Legend of Zelda-serien og ein oppfølgjar til The Legend of Zelda: A Link to the Past frå 1991. Spelet vart annonsert i april 2013 og utgjeve i Europa, Australia og Nord-Amerika i november 2013. Ein månad seinare kom det ut i Japan under tittelen The Legend of Zelda: Triforce of the Gods 2.
Spelaren styrer den unge eventyraren Link, som har fått i oppdrag å bøte på at det har vorte kaos i kongedømet Hyrule. Trollmannen Yuga fangar prinsesse Zelda og seks andre utvalde, og slepp unna gjennom ein portal til den parallelle verda «Lorule» for å gjenopplive demonen Ganon. Link lærer å projisere seg sjølv på vegger som eit måleri, som lèt han kome seg til tidlegare utilgjengelege område og ferdast mellom Hyrule og Lorule.
A Link Between Worlds fekk positive kritikkar og selte over 2,5 millionar kopiar innan fem månader.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 2013 Kategori:Nintendo 3DS-spel A Link Between Worlds