Beryl Korot () er ein amerikansk bilet- og videokunstnar fødd i New York. Ho er rekna som ein pioner innan videokunst, særleg for arbeid med fleire kanalar og skjermar. Ofte bruker ho konsept frå vevnad i verka sine, til dømes ved å veva ulike bilde og videoar saman til ein installasjon, eller ved kombinasjonar av video, teikning, måleri og tekstilar.
Korot var student ved University of Wisconsin 1963-1965. I 1967 tok ho ein BA-grad i engelsk litteratur ved Queen's College.
I 1970-åra var ho med på å grunnleggja Radical Software, det første tidsskriftet vigd videokunst.
Korot er gift med komponisten Steve Reich, som ho også har samarbeidd med. Dei har ein son, Ezra Reich (f. 1978).
Verk (utval) 1973: Invision ; Lost Lascaux Bull ; Dishes ; Berlin Bees 1974: Dachau 1974 1976: Text and Commentary 1990: Sarai, Abram’s Wife 1993: The Cave, samarbeid med Steve Reich 2002: Three Tales, samarbeid med Steve Reich 2008: Florence 2009: Etty
Kjelder
Kategori:USA-amerikanske kunstnarar Kategori:Videokunstnarar Kategori:Folk frå New York City