Ronald Hill, kjend som Ron Hill, () var ein britisk langdistanseløpar som vart europameister i maratonløping i 1969.
Aktiv Hill vart sjuandemann på 10 000 meter under Sommar-OL 1968. Året etter sette han personleg rekord på distansen med 28.39,0, ei tid ikkje heilt i verdstoppen. Dermed satsa han for fullt i maraton, same hausten 1969 vann han så maratonløpet i heten i Aten og kunne kalle seg europameister. Våren 1970 sette Hill løyperekord med 2.10.30 då han sprang inn til siger i Boston maraton. Den 23. juli same året gjorde han sitt livs kjappaste maratonløp ved Samveldeleikane 1970 i Edinburgh, tida 2.09.28 var mellom dei aller beste oppnådd ved den tid. I august 1971 sikra Hill seg maraton-bronsen i europameisterskapen i Helsinki, før han i 1972 enda på sjetteplassen i maraton under Sommar-OL 1972.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1962 i Beograd: Braut maratonløpet OL 1964 i Tokyo: Nr 18 på 10 000 m og nr 19 i maraton EM 1966 i Budapest: Nr 12 i maraton – 2.26.04 OL 1968 i Mexico by: Nr 7 på 10 000 m – 29.53,2 EM 1969 i Aten: Gullmedalje i maraton – 2.16.47, framom Gaston Roelants (2.17.22) EM 1971 i Helsinki: Bronsemedalje i maraton – 2.14.34 OL 1972 i München: Nr 6 i maraton – 2.16.30
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ron Hill» frå , den 29. juni 2019. World Athletics
Kategori:Britiske langdistanseløparar Kategori:Maratonløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972