mini|Person skildra som «ornamented with a large white wig, composed of goats hair, a huge cocked hat, a coat of brown grogram with large cuffs» i soga «The Spectre Ship» gjeve ut i 1845.

Grogram er eit engelsk omgrep for eit grovt stoff av blanda materiale, som silke, mohair og ull. Ein kunne gjera stoffet stivare med silkelim. Grogram var mykje brukt til klede som jakkar fram til slutten av 1800-talet. Den britiske admiralen Edward Vernon er kjend for å ha brukt ein frakk av grogram, og hadde derfor tilnamnet «Old Grog».

Ordet «grogram» er avleidd av fransk gros grain, 'grov struktur'. Namnet på stofftypen grosgrain har ei liknande avleiing, men dette viser i dag som regel til sterke vovne band.

Kjelder

Kategori:Vovne stoff Kategori:Engelske ord og uttrykk