«Rain» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles, først gjeven ut i mai 1966 som B-sida til singelen «Paperback Writer». Begge songane vart spelte inn under innspelinga av albumet Revolver, men ingen av desse er med på albumet. Songen vart skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney. Han har eit rytmespor som er sakka nede, eit døme på manipuleringa som bandet gjorde av lydband på den tida. Over den avsluttande delen vart det nytta baklengs vokal. Singelen markerte første gongen ein reversert lyd vart nytta i ein popsong, sjølv om Beatles brukte same teknikken på Revolver-sporet «Tomorrow Never Knows», som kom ut i august 1966.
Det vart laga tre promofilmar for «Rain».
Medverkande John Lennon – solo- og korvokal, rytmegitar Paul McCartney – korvokal, bass George Harrison – korvokal, sologitar Ringo Starr – trommer, tamburin Medverkande per Ian MacDonald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rain av Beatles» frå , den 29. mai 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar frå 1966 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar om Australia Kategori:Songar baserte på faktiske hendingar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Musikkvideoar regisserte av Michael Lindsay-Hogg Kategori:Capitol Records-singlar