«You're Gonna Miss Me» er ein song av det amerikanske psykedelisk rock-bandet The 13th Floor Elevators, skriven av Roky Erickson, og gjeven ut som debutsingelen deira på Contact Records, den 17. januar 1966. Han vart gjeven ut nasjonalt på International Artists i mai 1966. Musikalsk var songen inspirert av tradisjonell jug band og R&B-musikk og kombinerte dei eigne eksperimenta til gruppa. «You're Gonna Miss Me», og B-sida skriven av Stacy Sutherland og Tommy Hall, «Tried to Hide», var viktige i utviklinga av psykedelisk rock og garasjerock, og var ein av dei tidlegaste rockesongane som brukte elektrisk krukke. Kritikarar omtalar derfor ofte «You're Gonna Miss Me» som ein ekte garasjerocksong, og ein klassikar i motkultur-tida.
«You're Gonna Miss Me» nåddde 55. plassen på Billboard Hot 100, og vart den einaste singelen til The 13th Floor Elevators som gjekk inn på den nasjonale lista. At songen ikkje nådde høgare skal ha kome av dårleg distribusjon frå plateselskapet, som på den tida var i ferd med å leggjast ned. I tillegg vart bandet hindra i å turnere fordi dei var på prøvelauslating for marihuanamisbruk. Songen kom òg ut på debutalbumet deira, The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators i november 1966.
Medverkande Roky Erickson - solovokal, rytmegitar, munnspel Stacy Sutherland - sologitar Tommy Hall - Elektrisk jug, korvokal Benny Thurman - bassgitar, korvokal John Ike Walton - trommer, perkusjon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You're Gonna Miss Me» frå , den 28. mai 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:USA-amerikanske psykedelisk rock-songar Kategori:USA-amerikanske garasjerocksongar Kategori:Acid rock-songar Kategori:Radar Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Roky Erickson Kategori:The 13th Floor Elevators-songar