Hans-Joachim Walde () var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i dåverande Landkreis Lüben, dagens Nederschlesiske voivodskap i Polen, som representerte Vest-Tyskland.
Aktiv Walde var ein av verdas beste i tikamp-øvinga gjennom heile tiåret 1963-72. I 1964 vart han vesttysk meister i øvinga, før han same hausten sikra seg bronsemedaljen under Sommar-OL i Tokyo. Tre år seinare var han tilbake i Tokyo, der han vann tikampen i universiaden 1967 med 7 819 poeng. Tidlegare i 1967 oppnådde han 7 992 poeng då han vann eit stemne i Los Angeles framfor Bill Toomey frå USA.
Under sommarleikane i Mexico-byen i oktober 1968 gjorde Walde sitt livs beste tikamp-tevling og samla 8 111 poeng (8 094 etter seinare tabell) og tok sølv, verdsrekordhaldaren Bill Toomey vann gullmedaljen. I 1969 vart Walde vesttysk meister for andre gong, året etter sette han verdsrekord i sjukamp. Han vart så tredjemann ved 1971-EM i Helsinki, langt bak europameisteren Joachim Kirst frå Aust-Tyskland og svensken Lennart Hedmark. Walde deltok i Sommar-OL 1972 på vesttysk heimebane, der ein skade gjorde at han trekte seg frå tevlinga etter 4 øvingar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1964 i Tokyo: Bronsemedalje – 7 809 poeng OL 1968 i Mexico by: Sølvmedalje – 8 111 poeng, bakom Bill Toomey (8 193) EM 1971 i Helsinki: Bronsemedalje – 7 951 poeng OL 1972 i München: Braut etter 4 øvingar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans-Joachim Walde» frå , den 24. mai 2019.
World Athletics
Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972