The Lion King er ein amerikansk drama-filmmusikal, regissert av Jon Favreau og produsert av Walt Disney Pictures. Det er ein fotorealistisk animert langfilm basert på 1994-filmen med same namn. Filmen har stemmeskodespelarar som Donald Glover, Seth Rogen, Chiwetel Ejiofor, Alfre Woodard, Billy Eichner, John Kani, John Oliver, Beyoncé Knowles-Carter og James Earl Jones.

Planane for ei nylaging av The Lion King vart stadfesta i september 2016, etter at 2016-filmen The Jungle Book, regissert av Favreau, var ein suksess. Filmen kom ut på kino 19. juli 2019 i USA.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dramafilmar Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Filmar frå 2019 Kategori:Filmar frå USA