Arnold Carl Johansen () var ein norsk kjemikar og næringsdrivar frå Buksnes i Nordland. Han representerte Nordland fylke på Stortinget 1950-53, vald for Høgre.
Far til Johansen var kjøpmann. Sjølv tok han i 1920 eksamen ved kjemilinja til Norges tekniske høgskole i Trondheim. Frå 1921 var han driftsingeniør i Lofoten kemiske fabrikker, eit firma han overtok i 1937 og dreiv til det vart avvikla i 1940. Frå 1937 og livet ut var han elles medeigar og leiar av firmaet L. Blix & Co i Stamsund. Styreformann i Stamsund sparebank 1932-36 og 1954-57.
Johansen var medlem i Hol heradsstyre frå 1922 til 1950. Hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant for Høgre og Nordland, fireårsbolken 1950-53 hadde han såleis sete i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Johansen drukna under bading.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Vestvågøy