Altaisk eller gorno-altaisk, fram til 1948 kalla ojrot (ойрот), er eit nordaustleg tyrkisk språk og offisielt språk i republikken Altaj i Russland. Språket blir snakka av ulike folk i Altajfjella, som ojrat, teleut, kumandi og sjor.

Dei altaiske språka vert skrive med det kyrilliske alfabetet.

Altaisk må ikkje forvekslast med hypotesa om den altaiske språkfamilien, som er hevda å omfatta tyrkiske, tungusiske og mongolske språk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Altaisk» frå , den 21. april 2019.

Kategori:Språk i Russland Kategori:Tyrkiske språk Kategori:Einskildspråk