Peter Knight () er ein britisk folkemusikar. Han var tidlegare medlem i den britiske folkrockgruppa Steeleye Span. Han var fødd i London og lærte seg å spele fiolin og mandolin som barn, før han gjekk på Royal Academy of Music frå 1960 til 1964. Innspelingane til den irske felespelaren Michael Coleman inspirerte han til å delta på irske pubinnspelingar. Han slo seg saman med gitaristen og songaren Bob Johnson fram til 1970, då han vart med i Steeleye Span. Johnson vart sidan òg med i Steeleye Span i 1972.

I midten av 1970-åra var han i løynd medlem av The Wombles og spelte på Top of The Pops som Uncle Bulgaria. Han forlet Steeleye Span i 1977. Knight spelte sidan inn eit album med Johnson igjen. I 1980 kom han attende til Steeleye Span og spelte på alle albuma deira etter det fram til Wintersmith. I 2013 slutt han igjen i bandet.

Diskografi (utanom Steeleye Span)

Med Bob Johnson The King of Elfland's Daughter (1978)

Solo An Ancient Cause (1998) The Gemini Cadenza (1998) Too Late For Shadows (2005)

Med Danny Thompson Peter Knight and Danny Thompson (1995) Resurgence – RES108CD

Maddy Prior Ballads and Candles (2000)

Med Chris Leslie, Tom Leary, Ian Cutler, Phil Beer, Hugh Crabtree og Brian McNeill Feast of Fiddles (2002) (recorded live in 2001) Nicely Wrong Still Live (live 2006)

Med Gigspanner (Peter, Vincent Salzfaas, Roger Flack) Lipreading The Poet Doors At Eight (live) «Layers of Ages» Released May 2015

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Folkemusikaren Peter Knight» frå , den 17. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Musikarar frå London Kategori:Britiske folkrockmusikarar Kategori:Engelske felespelarar Kategori:Britiske fiolinistar Kategori:Britiske mandolinistar Kategori:Steeleye Span-medlemmar