Glorious Fool er eit studioalbum frå 1981 av musikaren John Martyn. Etter å ha vore på Island Records heile karrieren, var dette det første albumet til Martyn for WEA. Albumet vart produsert av Phil Collins med Nick Launay og Steve Travell som lydteknikarar. Tittelsporet gjer narr av Ronald Reagan som på denne tida var på veg til å bli president.

Opningssporet «Couldn't Love You More» er eit omarbeidd arrangement av ein song som først kom ut i 1977 på One World. Medan originalen er akustisk, er han her spelt inn med fullt band og med Eric Clapton som gjestegitarist. Clapton spelte inn Martyn sin «May You Never» i 1977 på albumet hans Slowhand. Då Martyn vart presentert ein ærspris av Colling i 2008 under BBC Folk Awards, sende Clapton ei melding som sa at Martyn var «så langt føre alt anna at det var ufatteleg».

I august 1981 vart «Please Fall In Love With Me» gjeven ut med B-sida «Don't You Go» som singel.

Albumet var meir publikumsvennleg enn dei tidlegare albuma til Martyn og vart marnadsført med 32 konsertar i Storbritannia. Albumet nådde 25. plassen på den britiske albumlista då det kom ut.

Innhald

Medverkande John Martyn - vokal, gitar Phil Collins - trommer, vocoder og ekstra vokal, piano på «Don't You Go» Alan Thomson - bass Max Middleton - klaverinstrument Danny Cummings - perkusjon Dick Cuthell - flygelhorn på «Hold on My Heart», trompet på «Didn't Do That» Eric Clapton - gitar på «Couldn't Love You More» Teknisk Nick Launay - lydteknikar Steve Travell - assisterande lydteknikar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Glorious Fool» frå , den 11. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Phil Collins Kategori:Warner Bros. Records-album