Jasminslekta (Jasminum) er ei planteslekt i oliventrefamilien som omfattar rundt 200 artar. Namnet på slekta kjem via fransk jasmin og arabisk yas(a)min frå persisk yasmin.
Plantane i slekta er oppretta eller klatrande buskar eller tre, og kan vera lauvfellande eller eviggrøne. Stengelen er glatt, kanta eller fura. Blada er motsette eller spreidde, eller ein sjeldan gong kransstilte; av form er dei enkle, trekopla eller finna. Blomane er kvite eller gule og har ofte ei sterk, behageleg duft. Krona er trakt- eller klokkeforma med 4–16 flikar. Alle artane har to pollenberarar. Frukta er eit bær.
Slekta er utbreidd i Afrika, Asia, Australia og på stillehavsøyene. Ein art, Jasminum fruticans, veks i store delar av middelhavsområdet. Fleire andre artar, mellom anna den asiatiske Jasminum officinale, er naturalisert i middelhavslanda. Jasminum odoratissimum finnes på Kanariøyene og Madeira.
Fylogenetiske studium har vist at sjasminartane med gule blomar og spreidde blad utgjer ei eiga gruppe som utgjer ei systergruppe til både dei andre Jasminum-artene og til slekta Menodora, som er utbreidd i Amerika og Sør-Afrika. Ein artikkel frå 2014 føreslo å flytta desse 15 artane til ei ny slekt, Chrysojasminum.
Ein dyrkar sjasmin både som hage- og husplante på grunn av dei duftande blomane. Sjasminolje blir hovudsakleg laga av storsjasmin (J. grandiflorum), og blir brukt til parfyme og som smakstilsetjing i te. Den vanlegaste stoveplanten er Jasminum polyanthum. I Noreg er klimaet stort sett for kaldt til at sjasmin kan brukast utandørs, men vintersjasmin (J. nudiflorum) blir planta i dei mildaste delane av landet. Slekta må ikkje forvekslast med skjærsmin (Philadelphus), som er utbreidde og temmeleg hardføre hagebuskar. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sjasmin» frå , den 24. februar 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Oliventrefamilien
Kategori:Planteslekter Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Ord av persisk opphav