Live at the Cellar Door er eit konsertalbum av Neil Young med opptak frå seks konsertar han heldt i 1970 i Washington D.C. Albumet kom ut 10. desember 2013. Albumet er volum 02.5 i Archives Performance Series av Young. Albumet inneheld songar frå både dei tidlege Neil Young- og Buffalo Springfield-albuma, inkludert frå After the Gold Rush, Harvest, Everybody Knows This Is Nowhere, On the Beach, Buffalo Springfield og Buffalo Springfield Again.

I tillegg inneheld albumet den einaste kjende innspelinga av Young som spelar songen «Cinnamon Girl» på piano, og han seier sjølv på innspelinga at det er første gongen han spelte songen på piano.

Albumet avsluttar med «Flying on the Ground is Wrong» der Young seier: «Eg fekk lagt til i kontrakten min om at eg berre skulle spele på eit ni fot stort Steinway-flygel, berre for å vere litt eksentrisk.»

Innhald

Medverkande Neil Young – vokal, gitar, piano

Salslister Liste (2014)Plassering

Årslister Liste (2014) PlasseringUS Folk Albums (Billboard)14US Top Rock Albums (Billboard)75

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live at the Cellar Door» frå , den 14. februar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Konsertalbum frå 2013 Kategori:Reprise Records-album