Two Sides to Every Story er eit studioalbum frå 1977 av den amerikanske songar-låtskrivaren Gene Clark. Albumet var det første Clark gav ut sidan No Other i 1974. Dei mest kjende songane på albumet er «In the Pines» (tradisjonell), «Kansas City Southern» og «Hear the Wind», begge skrivne av Clark, og «Give My Love to Marie», ein song skriven av James Talley som fortel soga om ein døyande kolgruvearbeidar.

Albumet vart produsert av Thomas Jefferson Kaye. Blant musikarane på albumet finn ein Jeff Baxter, Emmylou Harris, Byron Berline, Al Perkins og John Hartford.

Mottaking

Musikkritikaren Matthew Greenwald skreiv for Allmusic at «materialet er ujamt, særleg når Clark prøver å rocke på. Men musa til Clark hjelper han til stadig sjølv under pinlege forhold, og Two Sides har fleire glimrande augneblink. Sjølv om dette er langt unna eit meisterverk er det likevel tydeleg arbeid frå ein meisterleg songar og låtskrivar, og dei beste augneblinka her er rett og slett magiske.» Hal Horowitz i American Songwriter skreiv «Det er lågmælt, men likevel herleg direkte som stundom rockar og syner den deilige underdrivne vokalen til Clark.»

Nyutgjeving Tidleg i 2013 kom albumet ut med nymastra lyd på vinyl. Utgåva kom med eit kort for nedlasting av bonusspor. Våren 2014 kom den same utgåva ut på CD.

Innhald Alle songar av Gene Clark; utanom der andre er nemnde.

Medverkande Gene Clark - gitar, vokal Jeff Baxter - gitar Doug Dillard - banjo Byron Berline - fele Jim Fielder - bass Mike Utley - klaverinstrument Jerry McGee - gitar Al Perkins - gitar Sammy Creason - trommer John Hartford - korvokal Emmylou Harris - korvokal Steven Soles - korvokal Thomas Jefferson Kaye - korvokal Daniel Moore - korvokal Matthew Moore - korvokal Pepper Watkins - korvokal David Campbell - strykearrangement

Produksjon Produsent: Thomas Jefferson Kaye Leiande produsent: Gary Legon Lydteknikar: Joel Soifer Kunstnarisk leiar: Ed Caraeff Fotografi: Ed Caraeff Design: David Larkham

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Two Sides to Every Story» frå , den 7. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Gene Clark-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:RSO Records-album