22. juli-kommisjonen (òg kalla Gjørv-kommisjonen) var ein regjeringsnedsett uavhengig kommisjon som vart oppretta som følgje av terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011. Avgjera om å oppretta utvalet vart teken av regjeringa i eit møte onsdag 27. juli, men ho vart òg teken i samråd med alle opposisjonspolitikarane på Stortinget. Målet til den uavhengige kommisjonen var å gje svar på kva som skjedde 22. juli 2011.

Kommisjonen skulle ikkje vera ein granskingskommisjon, men gje ei samla framstilling av kva som skjedde denne dagen i Regjeringskvartalet og på Utøya, og dessutan å gje tilrådingar ut frå det kommisjonen fann ut.

I statsråd fredag 12. august 2011 vart Alexandra Bech Gjørv oppnemnt som leiar for 22. juli-kommisjonen. Kommisjonen vurderte habiliteten til medlemmane og sjølvstende og fann at kommisjonen var habil. Professor i forvaltningsrett ved Universitetet i Oslo, Erik Boe, skreiv ein betenking og kom til same konklusjon.

22. juli-kommisjonen overleverte og offentleggjorde sin endelege rapport, NOU 2012: 14, «Rapport frå 22. juli-kommisjonen», måndag 13. august 2012.

Medlemmar Kommisjonen hadde mellom anna representantar frå politi, rettsvitskap, forsking og medisin:

advokat Alexandra Bech Gjørv, Oslo (leiar) jurist Ragnar Line Auglend, Bergen statsviter og forskar Laila Bokhari, Norsk utanrikspolitisk institutt, Oslo tidl. direktør Einar Skaarseth Enger, Rakkestad politioverinspektør Stefan Gerkman, Innenriksministeriet, Finland (utnemnd veka etter dei andtr) generalløytnant Torgeir Hagen, Hamar tidl. direktør for Københavns Politi Hanne Bech Hansen, Danmark professor Guri Hjeltnes, Handelshøyskolen BI, Oslo visepresident i Norges Røde Kors, Rektor Linda Motrøen Paulsen, Stavanger fylkeslege Karin Straume, Vadsø

Sekretariat

Bjørn Otto Sverdrup (sekretariatleiar), statsvitar og tidlegare kommunikasjonsdirektør i Statoil Olav Njølstad, historikar og professor ved Universitetet i Oslo og tidlegare forskingsdirektør ved Nobelinstituttet Ida Skirstad Pollen, advokat hos Kommuneadvokaten i Oslo Åsne Julsrud, tingrettsdommar ved Drammen tingrett Tor Erik Heggøy, partnar i Tenden Advokatfirma Kristin Randa, sosialantropolog og seniorrådgjevar i Etterretningstenesta Walter Wangberg, tidlegare førstestatsadvokat i Hordaland og konstituert lagdommer i Gulating lagmannsrett Geir Ivar Tungesvik, historikar og underdirektør i Riksarkivet Unni Lundby Fossen, advokatsekretær i Advokatfirmaet Hjort Marianne Aasland Gisholt, rettsfullmektig i Trygderetten

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «22. juli-kommisjonen» frå , den 11. desember 2018.

Bakgrunnsstoff 22. juli-kommisjonen i Store norske leksikon Kontoret til statsministeren: Pressemelding, 27. juli 2011, 22. juli-kommisjon

Kategori:Skipingar i 2011 Kategori:Nedleggingar i 2012