Pieter Willem Botha (), til vanleg omtala P.W. Botha, var statsleiar i Sør-Afrika frå 1978 til 1989. Han var statsminister frå 1978 til 1984 og frå 1984 til -89 den fyrste presidenten i landet med utøvande makt.
Botha vart vald inn i nasjonalforsamlinga i 1948, der han markerte seg som ein skarp motstandar av fleirtalsstyre. Han kom til makta etter omfattande demonstrasjonar mot apartheid-politikken. Enkelte små politiske reformer stagga det svarte folkefleirtalet lite, og Botha vidareførte eit hardstyre der regjeringa og andre statsmakter gjorde seg skuldige i vald mot menneskerettane. Etter eit slagtilfelle trekte Botha seg som leiar av Nasjonalistpartiet i februar 1989. Seks månader seinare vart han også tvinga til å forlate presidentstolen.
Ved 1992-valet gjekk Botha mot etterfylgjaren, president F.W. de Klerk, og dreiv valkamp for framhaldande apartheid-styre. Han fordømde De Klerk-regjeringa som uansvarleg ved å opne døra til fleirtalsstyre. I 1998 nekta Botha å vitne til Sannings-kommisjonen, noko han vart bøtelagd for og dømd til betinga fengsel for brot på menneskerettane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «P. W. Botha» frå , den 22. november 2018.
Kategori:Sørafrikanske presidentar Kategori:Sørafrikanske politikarar