Big Bend nasjonalpark er ein nasjonalpark vest i delstaten Texas i USA. Nasjonalparken, som grensar mot Mexico, vart oppretta 12. juni 1944. Han har ei utstrekking på 3 242 km². Nasjonalparken ligg i Chihuahuaørkenen, ved grenseelva Rio Grande. Namnet «Big Bend» kjem av den store svingen elva Rio Grande gjer i dette området.
I Big Bend nasjonalpark lever meir enn 1200 planteartar, over 450 fugleartar, 56 ulike artar av reptil, og 75 pattedyr-artar. Her er gjort mange fossile funn, og det er spor etter busetnad gjennom fleire tusen år.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Big Bend National Park» frå , den 9. november 2018.
Kategori:Nasjonalparkar i USA Kategori:Texas Kategori:Skipingar i 1994