mini|Minnesmerke over Lili Marleen og songaren Lala Andersen på den tyske øya Langeoog. mini|Propaganda-postkort frå Deutschen Feldpost (Wehrmachts postteneste) i Paris 1942 med Lili-Marleen-motiv. «Lili Marleen» er ein kjend song skriven av forfattaren Hans Leip (1893-1983). Leip skreiv songen under den fyrste verdskrigen, før han drog til den russiske fronten i 1915. Han vart seinare publisert som «Das Lied eines jungen Soldaten auf der Wacht». Leip var forelska i to jenter, Lili og Marleen, som i dikterisk fridom vart til ei jente.
Diktet vart tonesett av komponisten Norbert Schultze i 1938, og er ein av dei største songsuksessane gjennom alle tider. Han heitte opphavleg «Das Mädchen unter der Laterne», men var betre kjent som «Lili Marleen».
I 1941 byrja den tyske militærradioen Soldatensender Belgrad å senda songen. Opphavleg hadde militærradioen fått songen saman med ei kasse plater frå rikskringkastinga i Wien, og spelte han berre sjeldan, fram til meldinga om å slutta å spela han. Då kom det ei rekkje spurnader om kvifor radioen hadde slutta å spela songen, og generalfeltmarskalk Erwin Rommel bad radioen om å senda songen dagleg. Songen vart dermed kjenningsmelodi i radioen og spelt kvar dag kort tid før kl. 22. Snart spreidde han seg til andre soldatsendarar og oppnådde ein enorm popularitet blant tyske soldatar, og vart såleis ein «skjebnesong» på same måte som Waltzing Matilda hadde vore under fyrste verdskrigen.
Òg blant allierte soldatar vart songen gjerne sungen, og filmen The True Story of Lili Marleen vart spelt inn i England i 1944. Tommie Connor skreiv den engelske teksta.
I 1980 laga Rainer Werner Fassbinder filmen Lili Marleen.
Sjølv om songen vert sungen frå synsvinkelen til ein soldat, vert han hovudsakleg framført av kvinnelege songarar. Det finst òg ein norsk versjon av «Lili Marleen», skrive av Toril Nordvik til albumet Fram frå Glemselen kap.14 med Rita Engebretsen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lili Marleen» frå , den 28. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Lydfiler og bakgrunnsinformasjon om songen
Litteratur
Hans Leip: Die kleine Hafenorgel. Gedichte und Zeichnungen. Mit zahlr. Textillustrationen. Christian Wegner, Hamburg, 1937. Lala Andersen: Leben mit einem Lied. dtv, München 1981, ISBN 3-423-01003-7. Katja Protta, «Mythos „Lili Marleen“ – Ein Lied im Zeitalter der Weltkriege», i Militärgeschichtliche Zeitschrift, Jg. 63 (2004), Heft 2, a. 355–400. Christian Peters, Lili Marleen. Ein Schlager macht Geschichte, Aust.-Kat. Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland, Bonn 2001. Liel Leibovitz, Matthew I. Millar: Lili Marlene. The Soldiers’ Song of World War II. Norton, New York, NY U. a. 2008, ISBN 978-0-393-06584-8, (Deutsch: Lili Marleen. Ein Lied bewegt die Welt. Aus dem amerikanischen Englisch von Nathalie Lemmens. Edition Elke Heidenreich bei C. Bertelsmann, München 2009, ISBN 978-3-570-58006-6). «Exkurs: Der Mythos „Lili Marleen“»'. I: Axel Jockwer: Unterhaltungsmusik im Dritten Reich. Konstanz, Univ., Diss., 2005, s. 234–245. Rosa Sala Rose: Lili Marleen. Canción dei amor y muerte. Global Rhythm Press, Barcelona 2008, ISBN 978-84-96879-28-7.deutsche Ausgabe: Lili Marleen. Die Geschichte eines Liedes von der Liebe und vom Tod, aus dem Spanischen von Andreas Löhrer, dtv, 2010, ISBN 978-3-423-24801-3. Kai Sichtermann: Kultsongs & Evergreens. Parthas Verlag, Berlin 2010, ISBN 978-3869640297, S. 137.
Kategori:Skillingsviser Kategori:Tyske songar