Marita Lange () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Halle an der Saale som vann sølvmedaljar i kulestøyt under sommarleikane i Mexico-byen i 1968 og ved europameisterskapen 1971, dessutan EM-bronsar i 1966 og 1969. Ho representerte Aust-Tyskland.

Lange var ein av dei tre beste kulestøytarane i verda på kvinnesida i tida 1966-71, landskvinna Margitta Gummel og sovjetiske Nadesjda Tsjisjova dei andre. I alle dei fire store internasjonale meisterskapane i perioden måtte Lange sjå seg overgått av den eine, eller av begge desse utøvarane. Dermed enda ho opp med to sølvmedaljar og to bronsemedaljar i utandørsmeisterskapane. Våren 1969 vann derimot Lange kuletevlinga i innandørs-EM i Beograd. I 1970 vart ho austtysk meister i kulestøyt. Sin personlege rekord oppnådde Lange i Aust-Berlin den 25. august 1974 då kula landa på 19,40 meter. Ho la opp same hausten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Bronsemedalje – 16,96 m OL 1968 i Mexico by: Sølvmedalje – 18,78 m, bakom Margitta Gummel (19,61 m) EM 1969 i Aten: Bronsemedalje – 18,56 m EM 1971 i Helsinki: Sølvmedalje – 19,25 m, bakom Nadesjda Tsjisjova (20,16 m) OL 1972 i München: Nr 6 – 18,85 m EM 1974 i Roma: Nr 6 – 18,60 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marita Lange» frå , den 20. oktober 2018.

World Athletics

Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972