høgre|mini|El-overfølsomme meiner dei vert sjuke av m.a. trådlause nettverk. El-overfølsemd, elektromagnetisk hypersensitivitet, elektrosensitivitet eller «el-allergi» er ein tilstand der ein person opplever symptom som vedkomande meiner kjem av å vera utsett for elektromagnetisme. El-overfølsemd vert òg kalla elektrosensitivitet eller el-allergi, men er ikkje ein prova medisinsk diagnose. Forsking har vist at dei som er el-overfølsame ikkje greier å kjenna om dei er utsette for elektromagnetisk stråling, eller ikkje. Symptoma oppstår berre dersom ein trur at ein er utsett for stråling, og har ingen samanheng med om ein faktisk er det. Dette fenomenet vert kalla «noceboeffekten».
Fenomenet skal ha byrja i Sverige på 1980-talet, opphavleg særleg blant dei som arbeidde ved dataskjermar. Ein har rapportert hudplager som tørrheit, raudheit, kjensler av stramheit og prikking i ansiktet og utslett som blussar opp, nevropsykiatriske symptom som ekstem trøttleik, synsforstyrring, hovudverk og vanskar med minne og konsentrasjon, og allmenne symptom som å kjenna seg svimmel, kvalm eller ha smerter i og musklar og ledd.
Det er vitskapleg etablert at elektromagnetiske felt kan påverka organismar, men personar med el-overfølsemd hevdar at dei får vonde symptom når dei vert utsette for stråling som er under grensene som er sette i internasjonale tryggleiksstandardar. Eit overveldande fleirtal av blindtestar har vist at personar som meiner at dei er ramma av el-overfølsemd, ikkje er i stand til å skilja mellom verkeleg eksponering og simulert (ingen) eksponering, noko som kan forklarast ved at el-overfølsemda er ein såkalla noceboeffekt («negativ placebo»).- Fikk hodepine uansett digi.no Ein vedkjenner då symptoma til pasientane som reelle, men at desse ikkje har påviseleg samanheng med den strålinga dei faktisk er utsette for.‘Electromagnetic hypersensitivity’ and ‘wifi allergies’: Bogus diagnoses with tragic real world consequences Science-Based Medicine
Sidan det ikkje finst vitskaplege prov på at el-overfølsemd er ein reell effekt, og ein ikkje kan måla eller dokumenterar plagene som blir rapporterte av pasientar, kan dette medføra behandlingskonsflikt. Den behandlinga som er best dokumentert for problemet er kognitiv psykoterapi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «El-overfølsomhet» frå , den 17. oktober 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff
forsking.no – Er nokon el-overfølsomme? 1. september 2008 Forskingsnotat frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta: Effekt av el-sanerte rom i sjukehus eller andre helseinstitusjonar: eit systematisk oversyn og meta-analyse av provokasjonsstudium Gunnhild Oftedal, El-overfølsomhet – utgreiing om årsaker og moglege tiltak og handsamingsopplegg Rapport frå Høgskulen i Sør-Trøndelag bestilt av Sosial- og helsedirektoratet, 2006 Martin Ystenes, Sprøytvarsleren - Bløff om mobilforsking frå “Strålevernet til Folket” 6. januar 2011 skepsis.no Mobilstråling og hodepine – nocebo som forklaring 17. september 2009 FELO: Foreningen for el-overfølsomme Strålevernet til Folket
Kategori:El-overfølsemd