Nevil Shute Norway () var ein populær engelsk-australsk romanforfattar på midten av 1900-talet. Han var i si tid særs mykje lesen og omsett, i Noreg med mellom anna En by som Alice.
Liv og virke
Bakgrunn, ingeniørkarriere Shute vart fødd i Ealing i London. Han deltok i den fyrste verdskrigen som soldat og etter krigen utdanna han seg i tekniske fag ved Balliol College i Oxford. Han arbeidde som konstruktør hos de Havilland og seinare, frå 1924, hos Vickers Ltd., der han deltok i arbeidet med utvikling av luftskipprosjektet til britane og jobba med konstruksjonen av luftskipet «R100» under Barnes Wallis.
Han forlét Vickers og starta saman med andre flyfabrikken Airspeed Ltd. i 1931, men kjøpte seg ut på 1950-talet og emigrerte til Australia for å via seg til forfattarskapen. Her hadde han òg ein kort karriere som racer-bilist.
Forfattarskap I fleire av hans seinare romanar, som En by som Alice og Den siste bredd, er handlinga lagt til Australia.
Ved utbrotet av andre verdskrigen var Shute allereie ein kjend forfattar. Han vart tildelt Royal Naval Volunteer Reserve som sub-lieutenant og hamna raskt i Directorate of Miscellaneous Weapons Development. Der arbeidde han mellom anna på løynlege våpen som Panjandrum. Ryet hans som skribent fekk Ministry of Information til å senda han med i invasjonen av Normandie den 6. juni 1944, og seinare til Burma som korrespondent. Ved krigsslutt var han lieutenant commander RNVR.
Hans mest kjende roman vart On The Beach, som òg vart filmatisert. I dette verket skildrar han ved hjelp av opplevingane til to par dei siste dagane til menneskja etter ein atomkrig. Til trass for den truande undergangen går desse menneskja sin eigen undergang i møte på ein forklara, nesten stoisk, måte.
Med Slide rule la Shute i 1954 fram ein sjølvbiografi.
Shute sin forfattarskap omfattar 24 romanar. Dei fleste er omsett til norsk. Blant dei titlane som ikkje er omsette er Slide rule.
Bibliografi Stephen Morris (1923, utgjeve posthumt i 1961) Marazan (1926) So Disdained (1928) Lonely Road (1932) Ruined City (1938) What Happened to the Corbetts (1939) An Old Captivity (1940) Landfall: A Channel Story (1940) Pied Pip (1942) Most Secret (1942) Pastoral (1944) Vinland the Good (1946) The Chequer Board (1947) No Highway (1948) A Town Like Alice (1950) Round the Bend (1951) The Far Country (1952) In the Wet (1953) Slide Rule: Autobiography of an Engineer (1950) Requiem for a Wren (1955) Beyond the Black Stump (1956) On the Beach (1957) The Rainbow and the Rose (1958) Trustee from the Toolroom (1960)
Omsetjingar til norsk Norsk tittelUtgjeveOriginaltittelUtgjeveEin by som Alice1950A Town Like Alice1950Lydbok 2002Einsam veg1964Lonely Road1932Byen som vakna1964Ruined City(1963) Toppløyndom1961Most Secret1942Mannen med seljefløytene1945Pied Pip 1942Livet og leiken1946Pastoral1944Runesteinen1962An old captivity1940Kontakt1963Stephen Morris1961Den som inkje vågar1949No Highway1948Til minne om Janet1955Requiem for a Wren1955Sjakkbrettet1948The Chequer Board1947Landet til lukka1953The Far Country1982Regnbuen og rosa1959The Rainbow and the Rose1950Den siste breidd1958On the Beach1958Filmatisert 1959 DVD 2002FormynderenBeyond the black stump1956Ein troskyldig mann1960Tustee from the toolroom1960
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nevil Shute» frå , den 4. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff Litteratur
Smith, Julian Nevil Shute (2002): A Biography The Paper Tiger, Creskill, NJ. ISBN 1-889439-30-4. Croft, Julian (2000): «Norway, Nevil Shute (1899–1960)» i: Australian Dictionary of Biography. Vol. 15 Melbourne University Press, s 498–499 Giffuni, Cathy (1988): Nevil Shute, a bibliography. Adelaide: Auslib Press ISBN 0-9589895-7-5. Haigh, Gideon (2007): «Shute's sand sin of time» i: The Daily Telegraph Anderson, John (2011): Parallel Motion - a biography of Nevil Shute Norway The Paper Tiger, ISBN 978-1-889439-37-2
Nettstader
The Nevil Shute Foundation The Nevil Shute Book Page – generell biografisk informasjon om Nevil Shute og omfattande liste over samletips Ei kort forklaring av ingeniøren og romanforfattaren Nevil Shute frå ibooknet
Kategori:Australske forfattarar Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet